Bukkehornet er eit av dei eldste blåseinstrumenta i norsk folkemusikk, med røter heilt tilbake til steinalderen. Dette naturinstrumentet har blitt nytta både som signalinstrument og som musikkinstrument, og finst i to hovudvariantar: trompethorn og tungehorn. I dette innlegget ser vi nærmare på historia, utbreiinga og bruken av det trompetblåste bukkehornet, eit instrument med ein rik tradisjon og ein unik klang.
Bukkehornet er eit blåseinstrument laga av geitehorn, og har historisk sett vore mykje brukt av gjetarar i Noreg. Instrumentet finst i to hovudtypar: trompethorn, der tonen blir laga ved hjelp av leppevibrasjonar, og tungehorn, som har ei påsett flis og fungerer meir som ei klarinett. Trompethornet har vori mest utbreidd i Vestlandet og delar av Austlandet, medan flishornet har hatt sterkast tradisjon i Trøndelag, Gudbrandsdalen og Hedmark.
Hornet er på mange måtar sjølve «ur-instrumentet». Etter alt å døme høyrte det til gjetarens nødvendige utstyr allereie i steinalderen. Det vart da særleg nytta som skremme- og signalinstrument, og var difor først og fremst eit praktisk reiskap. Men ein finn tidlege spor av bukkehorn som musikkinstrument heilt tilbake til bronsealderen, da det vart laga fingerhòl for å spele melodiar i tillegg til signal; derav namnet prillarhorn (tå verbet prilla, ‘fingre, spele med fingrene’).
Ingrid Skattebu frå Øystre Slidre (Det gjallar og det læt, s.40)
Bukkehornet tilhøyrte difor sæter- og gjetarmiljøet i lang tid. Da sæterdrifta vart umoderne, og ulven og bjørnen nærmast var utrydda, forsvann behovet for gjetarar og budeier. Musikken og instrumenta deira har no funni nya arenaar.
Bukkehornet fekk auka merksemd mot slutten av 1900-talet gjennom arbeidet til forskarar som Reidar Sevåg, Bjørn Aksdal og Atle Lien Jenssen, som har kartlagt instrumentet si historie og utbreiing. Særleg Sevåg sin «bibel», Det gjallar og det læt (1973), er ei sentral kjelde. Instrumentmakarar som Egil Storbekken og Magnar Storbækken har òg vori sentrale i bevaring og vidareutvikling av bukkehorntradisjonen.
I dag opplever instrumentet ei renessanse blant folkemusikarar og entusiastar, og stadig fleire tek det i bruk i ulike musikalske samanhengar.
Sjå «Den store bukkehornfilmen» med nestor Magnar Storbækken for å sjå korleis eit bukkehorn blir til: