Flishorn (også kalla tungehorn) er ei utgåve av bukkehornet kor det er ei treflis som står for lydproduksjonen. Denne varianten har historisk sett vori mest utbreidd (og til dels dominerande) i Trøndelag og austre delar Innlandet, og er den eldste norske gjetarklarinetten. Flishorna har som oftast fleire fingerhòl enn sin leppe-vibrerte slektning, med 5-8 hòl.
Ein er ikkje sikker på kor gammalt flishornet som instrument er, men mykje tyder på at flishorna fantes i Noreg før den europeiske klarinetten kom; fleire flishorn er datert før klarinetten kom hit, og eitt eksemplar er i følge Aksdal datert nærmast før klarinetten vart oppfunni i Tyskland.
Atle Lien Jenssen (1956 – 2011) er ei sentral kjelde når det kjem til flishornet. I 2010 leverte han masteroppgåva si i folkekunst «Tungehornet i Norge: Historie, utbredelse, repertoar, bruk og praktisk instrumentmaking» ved USN. Oppgåva tek utgangspunkt i Atle si lokale tradisjon i Hedmark og beskriv instrumetet si utbreiing i Noreg og Norden, og han har i arbeidet med oppgåva gjort ei betydeleg innsamling tå empirisk materiale. I oppgåva tar han for seg mogleg opphav til instrumentet, slektskap med liknande rørbladinstrument, repertoar, tilverking og bruksområder.
Ikkje minst laga han også ein uvurdeleg DVD som tek for seg heile tilverkingsprosessen i frå ferskt horn til ferdig instrument, i lag med Magnar Storbækken:
Les meir:
2023 - Bjørn Aksdal - Bukkehornet – en gjennomgang og analyse av trompethorn og tungehorn
2010 - Atle Lien Jenssen - Tungehornet i Norge: Historie, utbredelse, repertoar, bruk og praktisk instrumentmaking
1994 - Atle Lien Jenssen - Bukkehorntradisjon på Hedmarken