Trompetblåst kuhorn av svensk type («vallhorn»), typisk med 3-5 fingerhòl og grunntone millom G-C. Fargane kan variere frå mørk brun til lys gulaktig, og alt imillom. Større horn er generelt lettare å spele på.
Om du har særskilte preferansar, som ønska grunntone eller anna, kan du legge inn dette som ein kommentar til bestillinga.
—
Kuhornet er eit av dei eldste nordiske blåseinstrumenta med funn frå så tidleg som 500-talet i Sverige. Det har vore eit viktig instrument i svensk sæterkulturtradisjon («fäbodkultur»), der budeiene nytta hornet til ulike høve. Kvinner var ofte dei fremste utøvarane av hornblåsing sidan dei hadde ansvaret for buskapen på sommarbeita.
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.