Bukkehorn av den trompetblåste typen, med 4+1 fingerhòl og med grunntone millom E-Ab (som oftast). Fargane kan variere frå svart til kvit, og alt imillom.
Om du har særskilte preferansar, som ønska grunntone eller anna, kan du legge inn dette som ein kommentar til bestillinga. Horna og lyden blir til på bukkens premisser, men eg skal gjere så godt eg kan for å måte ønska dine.
—
Bukkehornet er (rett og slett) eit horn frå geitebukk med blåseopning og fingerhòl, og eit av dei eldste og mest fascinerande av instrumenta i Noreg. Instrumentet vart først brukt til skremming og varsling av gjetarar, men har sidan fått fingerhòl (4+1) og eit meir musikalsk bruksområde. Med eit godt horn og grunnleggande leppetrening, kan ein spele vakre og vene låter.
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.